Spelemenn og små, fine jenter

Får du fot - Folkemusikks podkast - A podcast by Magasinet Folkemusikk

Categorie:

Korleis blir vaksne kvinner til ‘jenter’ når dei blir presenterte på kappleik? Er ‘spelemann’ eigentleg eit kjønnsnøytralt ord, eller seier det noko om kva status og plass kvinner har i miljøet? Bør ein bruke det meir kjønnsnøytrale ‘spelar’, og hive ‘spelemann’ på den historiske skraphaugen? Og lever gamle, avdanka kjønnsrollemønster vidare i folkemusikken? Kjønn, språk og representasjon var tema då Folkemusikk og Ballade arrangerte seminar på Folkelarm 2019, og denne podkasten er eit opptak av heile seminaret. Benedicte Maurseth, Tuva Livsdatter Syvertsen og Arvid Skancke-Knutsen sit i panelet, og Monika Ifejilika er ordstyrar. (Reposting av podkast frå Ballade Radio 26.11.2019.) Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.